Sider

lørdag 10. april 2010

Hekla hue




Tok eit djupdykk i stikkekista mi her om dagen og fann ei påbegynt hue som eg tenkte det var på tide å få ferdig. Kva planen var med den er eg usikker på, men har sikkert tenkt at den skulle bli ei gave, men ikkje blitt ferdig i tide. Det skjer med jamne mellomrom. Hua sin kant nede og blomst er litt meir rosa enn det som vise på bildet, garnet har eg kjøpt på garnkroa i Haugesund, men mønsteret derimot er eg usikker på kor eg har funne. Siden eg ikkje har noko å bruke den til er det mulig å kjøpe den om det skulle vere av interesse. Burde vist størrelsen, men det gjer eg ikkje. Har derfor målt omkretsen på hua og den er ca 55 cm. Skal også sette i eit kvitt sløyfeband slik at en kan stramme den inn viss den er for stor. Prisen er 60 kr, pluss porto viss den må sendast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...