Sider

torsdag 14. oktober 2010

Fru halvferdig

Då har eg altså gitt meg sjølv nytt navn. Fru halvferdig. Årsak?? Jo, les videre på innlegget og du vil forstå. Tok eit dypdykk i strikke/heklekorgene. Der fann eg mykje rart. Så eg har laga meg eit to mål. Først av alt bli ferdig med alle halvferdige prosjekt, før eg starte på eit nytt. Mål to, bruke opp garnnøster eg har, før eg kjøper nye.

Fant nokon garnnøster ja:-) Planen er å krympe denne samlingen betraktlig før det blir kjøpt inn noko meir garn. Spørs om eg klarer det, er jo så masse spennande garn :-P men skal prøve å vere flink.



Prosjekt 1. Eit helkaskjørt, mangle faktisk kun et par omganger, festing av tråder og ein glidelås.



Prosjekt 2. Begynnelsen på en perlepulsvarmer, beregna for barn.



Prosjekt 3. Ein skrapevott, einsate som mangler sy den sammen og feste trådar, skal så tovast i maskina og sette inni ei skrape.



Prosjekt 4. Ei mjuk og varm hue, manglar faktisk kun eit par om gangar. Dessverre er eg ikkje noko særlig begeistra verken for tråden, fargen eller fasongen lenger :-( Ja ja, ferdig skal den bli.



Prosjekt 5. Eit skjerf, heilt ferdig strikka, men må feste trådane og tenkte å helke nokon blomster å feste på. Vart litt kvitt.



Prosjekt 6. Ein babykjole i str 3 mnd. Må ta opp igjen litt av overdelen og sy i trådane.



Prosjekt 7. Enda eit helka skjørt, mangle kun eit par omganga og festing av tråda.



Prosjekt 8. Babydress i str eit år. Må strikke ferdig en arm og sette sammen dressen.



Prosjekt 9. Babygenser str 1 år. Garnet er kjempe mjukt og er så glad i fargane, kanskje blir eg ferdig slik at Theo kan bruke den, hadde vore kjekt. Er kome halvveis.



Prosjekt 10. Ein kjøyrepose til å ha i bilsetet. Planen var å ha den til vinteren, så her må eg få opp farten. Manglar faktisk ikkje så masse her heller, to armar nokon brot og sy den sammen.



Prosjekt 11, og siste :-) Ein halvferdig sokk:-)


Vel vel, som de kanskje ser er ikkje navnet Fru halvferdig heilt på viddene, men no håpar eg at det komme seg og at eg kan bli ferdig med alle halvferdige prosjekt. Slik at eg kan begynne på nye ;-) Viktig å ha litt prosjekt liggande, men det kan no vere måtepå.

Takk for at du tittar innom, legg gjerne igjen ein kommentar:-) God helg.

1 kommentar:

  1. Hei fru halvferdig. Så hyggelig å se at det er flere enn jeg som har halvferdige prosjekt, det ser ut som du har litt å ta tak i så lykke til. Kos dere i helga, dere har vel fått besøk. klem til dere alle. farmor.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...