Sider

mandag 27. desember 2010

God jul og godt nytt år !

Prinsen vår er et ynda foto objekt. Har fleire tusen bilder, allerede;-) Surfe ofte på nettet for å finne inspirasjon til korleis eg kan ta gode bilder. Kom over nokon bilder der ein unge låg i ein koffert, og fikk lyst til å prøve noko lignande. Theos farfar hadde en gamal koffert liggande og den var perfekt. Bestemde meg fort for at bildet under var det beste til julekort:-)
Til vanlig ville eg ha scrappa julekorta mine, men i år tenkte eg å gjere det litt enkelt for meg sjølv ved å sette bildet inn i eit ferdig kort på ein nettfotobutikk. Slik gikk det ikkje. Årsaken er enkel, uansett kva kort eg tok og uansett kva eg gjorde så kutta dei ein del av bildet mitt. Noko eg ikkje liker, iallefall når eg har klipt til bildet akkurat slik eg vil ha det. Så då var det berre å hente fram scrappeutstyret og sette i gang. I etterkant er eg veldig glad for at eg gjorde det, syns resultatet vart fint og mykje kjekkare å gi ut noko heimelaga, syns eg.



Heile 24 stk vart det, dessverre mangle eg tre kort, men pga forkjølelse, falsk krupp osv.. som har komme rekande før jul rakk eg ikkje lage dei tre siste. Dei får bli nyttårskort :-) Under ser de litt av haugen. For å spare tid vart dei ganske så like, nokon små nyanseforskjellar på dei berre.



Nærbilde av eitt av korta.
Nærbilde av noko av pynten.






Då må alle fortsatt ha GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!






















2 kommentarer:

  1. ja du har nok brukt litt tid på alle dei, men blei fine og kjekt å få i posten =) har mitt ståande til pynt i ei hylle =)

    SvarSlett
  2. Kjempeflott julekort, vi har vårt ståande foran fjernsynet slik at vi kan sjå på det heile tida.
    mamma

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...