Sider

tirsdag 10. mai 2011

Mai du skjønne travle

Siden sønnen min la seg i 7 tida, har eg faktisk vore flink studinne og skrive på eksamensoppgavene mine. Føler eg har fått gjort ein del, og er ganske fornøgd med meg sjølv, men no var det på tide med ein liten pause. Då er litt blogging på sin plass. (Best å ikkje gå for langt fra pcen, kan vere hardt å komme tilbake ;-)

Iallefall, her er eit bryllupskort eg har laga, det skal få vere med på Sketch Saturday sin utfordring. Der skulle en følge ei skisse, den kan du sjå her.
Slik vart resultatet:

Innsida av kortet. Har stempla ein tekst på eine sida, den andre har eg latt stå open for ein personleg helsing.



Papir: Tilda design
Stempel: Kreativ hobby
Størrelse: 15 * 15

Vel då er det vel best å komme seg tilbake til eksamensskriving. I år har virkelig alt samla seg i mai, både eg og mannen min holde på med deltidsstudier og har eksamen i mai, så skal vi flytte, ingen god kombinasjon. Så gleder meg litt til mai er over, samtidig som det er litt trist å ønske ein av årets finaste mnd slutt :-/ Uansett skal bli godt å komme i havn, både med eksamen og flytting.

Ha en fin kveld.

2 kommentarer:

  1. Innmari travel mnd! Alt skal liksom skje på en gang :) - men jeg elsker mai!

    Nydelige kort du lager!
    Og lykke til med eksamen!

    klem

    SvarSlett
  2. Det var eit nydeleg kort, likte både fargar og tekst.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...