Sider

søndag 29. mai 2011

Søndagsmoro


Ein kan ikkje berre lese til eksamen, kan ein vel?? Litt søndagsmoro og familiekvalitetstid er viktig. Første gang vi er på Metro Lekeland i Haugesund, å det var suksess både for liten og stor. Blir ikkje siste gang vi reiser dit, sjølv om det kosta litt og burde ha endra navn til Metro bråkeland. For det det er ikkje til å stikke under ein stol at lydnivået var vanvittig. Uansett ungane kosa seg, og det er viktigast, kan tåle mykje støy då.

 
Vi starta litt forsiktig i babybingen, og ingen tvil om at vi syns det var kjekt å sigle (rutsje).

Så var det tid for å heve nivået litt og vi lurte oss opp i et stort hoppeslott med sklie :-/ Det var så høgt, men artig og. Bildet under er langt i fra det finast eg har sett, men det viser virkelig at vi kosar oss.


Theo likte seg godt i ballbingen også :-)

Vi måtte prøve oss i ei stor siglebane (rutsjebane) også, knall kjekt.

Var virkelig kosleg med litt kvalitetstid midt i eksamensstyret. Berre to dagar igjen no.
Er det fleire som har hatt ei kosleg helg? Legg gjerne igjen ein kommentar om du kan. (Er litt problemer med å kommentere for tida, håpe det ordne seg fort.)
Ha en fin kveld.


Posted by Picasa

2 kommentarer:

  1. såg kjekt ut =)

    SvarSlett
  2. Er litt i tvil om kven som kosa seg mest, liten eller stor. Det veldig kjekt ut.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...