Sider

fredag 2. september 2011

Monsterbukse i dropsgarn

Då var endelig monsterbuksa i drops merino ullgarn ferdig og levert til sin nye eigar :-) Har skrive om buksa før, sjå her, men då mangla eg litt garn til å få fullført. Er ei stund sidane eg strikka den ferdig, men tok tid før eg fikk manna meg opp til å sy maskesting. Kludra litt med maskestinga først, men gikk til slutt. Fikk tips til å sjå på drops design sine sider for dei har video om korleis sy stinga.
Maskesting teknikkvideo. 




Vart ganske så fornøgd med resultatet. Garnet var veldig godt å strikke med og passforma vart bra. Mønsteret til buksa har eg laga sjølv.  Må nok strikke ei til av denne :-)

Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...