Sider

onsdag 18. april 2012

Påskekos og smekkesying

I påsken var det plutselig nokon 2 årsjekser som meldte sin ankomst. Vi fikk derfor et akutt behov for siklesmekker. Fikk låne meg ei symaskin og heile 5 smekker såg dagens lys :-)




To med afrikadyr og tre med striper :-) Bak er det fleecestoff, dette gjere at det skal ganske masse til får det blir vått heilt igjenom :-)


Ellers i påsken vart det god tid til litt avislesing med oldemor.



Teikning med mormor


og leiking med katten Pandi :-)

mandag 16. april 2012

Strikkabukse

For ei tid tilbake strikka eg sauegensaren på bildet, og enda opp med enormt med restegarn. Fann då ut at eg ville lage bukse til gensaren. Funderte ei stund på kva av restefargane eg skulle bruke til buksa, og valget fall tilslutt på rødt og gult, siden settet skulle gis vekk til ei lita jente. Dessverre syns eg ikkje at buksa og gensaren passa så godt i hop som eg hadde tenkt. Håper likevel at buksa blir god og varm å ha i barnehagen til vinteren, siden det er 100 % ull :-)



Garnet eg brukte er Viking alpaca sport, veldig godt å strikke med, samtidig som det er mjukt og varmt. I rillekanten opp er bretta i to og har strikk inni, så den skal sitte godt.
Hadde ikkje mønster til buksa, så den er fri dikting (nesten). Har strikka nokon bukser til barn, så veit sånn ca korleis det skal gjerast uten mønster.
Størrelsen er ca 1 år. 


Har fortsatt restar igjen etter gensaren, men ikkje rødt. Der var det på hengande håret. Når buksa var ferdig var det 5 små cm igjen av det røde. Flaks :-)

Ha en fin kveld :-)

fredag 13. april 2012

Strikka vest

Sjølv om det har vore stor latskap på bloggen i det siste, så har strikkepinnane vore i jamnleg aktivitet. Litt mykje som skjer for tida, men det går mot betre tider :-) Om to mnd er eg ferdig utdanna vernepleier, dvs ingen fleire oppgåver eller eksamener som sluker tida mi :-)

Ein av tinga eg har strikka er denne saue vesten i str 1 år :-)


Den skal bli gave til ei eg kjenner som har ein skjønn liten prins :-)


Ulla til sauen er strikka med perlestrikk, for å få litt meir liv i ulla og sauen :-)

Ein 2 åring i hus :-)

Tenk at prinsen i huset har blitt 2 år :-) Det har blitt feira til gangs, først i barnehagen, så familieselskap heime.
Energi nivået var 100 % heile veien, og prinsen eit stort smil.



Stolt prins fikk krune i barnehagen :-)



Mange kjekke pakkar fikk han og.




Temaet var jungel, for prinsen er veldig opptatt av tiger for øyebikket.



Kva passar vel betre då enn ei tigerkake :-)
Vart kjempe fornøgd med resultatet, takka vere god veiledning av min flinke kondittorsøster. Likavel vart en haug med små og litt større feil gjort, men smaken vart god og utseende bra nok for en 2 åring. Så då var mammaen kjempe fornøgd med seg sjølv. Spesielt med tanke på at eg var våken nattevakt i natt, å gikk heime og bakte kaka før eg la meg å sov. (Mulig det er årsaken til alle feila)





I tillegg laga eg pavlovakake for første gang, den vart rett og slett kjempe god og ikkje en smule vart igjen :-)


Ha ein fin kveld.

mandag 2. april 2012

Vinnar av giveaway

Treknig ein dag for seint dessverre, men er litt dårlig internett tilgang for tida. Har brukt gamle måten, for å finne vinnaren. Skrive opp alle navna etter antall lodd kvar har tatt og putta dei i ein kopp. Den heldige vinnaren som kom opp av koppen og vann denne preminen opp alle navna.

Den heldige vinnaren av denne boka


Give away, trekning 1 april

er.....
............
.................

Solveig med bloggen Made by Solis

Gratulerer
Send meg adressa så snart som mulig,
 får eg den i kveld så er boka i posten allerede i morgon tidlig :-)

God påske alle sammen.
Velkommen til alle nye følgare og tusen takk for alle dei koslig kommentarane.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...