Sider

mandag 16. april 2012

Strikkabukse

For ei tid tilbake strikka eg sauegensaren på bildet, og enda opp med enormt med restegarn. Fann då ut at eg ville lage bukse til gensaren. Funderte ei stund på kva av restefargane eg skulle bruke til buksa, og valget fall tilslutt på rødt og gult, siden settet skulle gis vekk til ei lita jente. Dessverre syns eg ikkje at buksa og gensaren passa så godt i hop som eg hadde tenkt. Håper likevel at buksa blir god og varm å ha i barnehagen til vinteren, siden det er 100 % ull :-)



Garnet eg brukte er Viking alpaca sport, veldig godt å strikke med, samtidig som det er mjukt og varmt. I rillekanten opp er bretta i to og har strikk inni, så den skal sitte godt.
Hadde ikkje mønster til buksa, så den er fri dikting (nesten). Har strikka nokon bukser til barn, så veit sånn ca korleis det skal gjerast uten mønster.
Størrelsen er ca 1 år. 


Har fortsatt restar igjen etter gensaren, men ikkje rødt. Der var det på hengande håret. Når buksa var ferdig var det 5 små cm igjen av det røde. Flaks :-)

Ha en fin kveld :-)

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...