Sider

søndag 30. september 2012

Scrappa babykort

Nokon vi kjenner har fått ein liten prins og då måtte eg hive meg over scrappetinga mine. (Stakkars ting, dei har virkelig vært nedprioritert i det siste.)
Det var derfor ekstra kjekt å lage eit lite kort i kveld, og kortet skal få æren av å delta på bloggen Card and scrap sin utfordring "blomster".
 
 
Kortet er 14,5 cm langt og 8 cm høgt.
Har brukt arka er fra tildadesign og stempel frå Kreativ hobby.
Blomstrane er frå Scrappekjellaren, ein lokal butikk i Haugesund. Det samme er perlene inni blomstrane.
Til slutt har eg spraya glimmer mist frå Tattered angels over kortet.

 
Eit enkelt kort både utanpå og inni, men dei påstår på reklamen at det enkleste er ofte det beste, så....

 
Ha en fin kveld.

fredag 21. september 2012

Strikka Pippi-genser

Hææ... har du strikka enda en ullgenser ??
 
 
Jaja, den var no grei nok den da :-)

 
Har sett på dette mønsteret lenge og tenkte det ville bli fint til min lyse prins.
Veldig fornøgd med resultatet.

 
Genseren er strikka i Nepalgarn fra dropsdesign, og eg var meget fornøgd med valget, heilt til min bestemor så fint sa; "Kvit genser til en liten gutt? Håper den kan vaskast i maskina?"
Æhh... ups, det hadde eg ikkje sjekka og fann fort ut at nei, gensaren kan kun vaskast for hand :-/
Lite å gjere med det no, eg er uansett fornøgd, han trenge no ikkje bruke den som leikegenser.

 
Mønsteret på pippi-genseren fann eg på www.dropsdesign.no sine sider. Har kun gjort litt forandringar fra mønsteret. I følge mønsteret skulle eg begynne på halsen og strikke ned, eg begynte heller nede og strikka opp. På bolen har eg også latt vere å auke, slik som mønsteret sa, fordi eg heller ville ha ein rett variant. Syns genseren vart vid nok uten å auke.

 
Det var kjedelig mange trådar å feste, men heldigvis hadde eg fornuft nok til å gjere det med en gang og vart ferdig. Ti poeng til meg for det :-)

 
Ha ein fin kveld.

onsdag 19. september 2012

Strikka prinsessekjole

Denne kjolen har vært klar ei stund, men siden det var ei gave har eg ikkje kunne legge den ut før no.
Ei av barselveninnene mine fikk ei lite prinsesse i sommer og då måtte eg hive meg over strikkepinnane. Det blir jo lite kjolestrikking her i huset, så då var det kjekt å endelig få lov å strikke en søt kjole i favorittfargane mine, gammelrosa og brun.
 
 
 
Mønsteret til kjolen er henta fra dropsdesign.no, men har gjort litt forandringa. Hjertemønsteret har eg tegna sjølv og i stede for opning framme på kjolen, laga eg en opning på skuldra.

 
Sjølve skjørtet på kjolen er glattstrikk, mens bringestykket er perlestrikk.


 
To bamseknappar fra Stoff og Stil.

 


 
Det virka som gaven falt i smak, og godt er det, for det er dårlig med bytterett på heimestrikka ;-)
 
Ha ein fin kveld.

søndag 9. september 2012

Eit, i siste liten, skjortekort :-)

Eg har lenge vist at eg skulle ha eit konfirmasjonskort til denne helga, likevel så enda eg opp med å lage eit kort i siste liten. Laga då eit skjorte kort. Har lenge ønska å prøve meg på denne bretteteknikken, og det blir garantert ikkje siste gangen.
 
 
 
Kortet vart av det enklare slaget, men syns mønsteret på papiret (skjorta) gjorde mykje ut av seg. Kortet er med på Anonyme scrappere sin utfordring nr 50; bruk knapper og band.

 
Tre knappa i skjorta, litt skjult av et lite slips (band fra søstrene greene). Å ja eg har knytt slipsknuten sjølv, for her i huset er det kun eg som kan det ;-)


 
Inni var det plass til ein persolig helsing til konfirmanten og ei penge lomme (den syns dessverre dårlig på bildet.)
 
Kortet var super kjapt å lage, oppskrift finner du på denne bloggen
 


søndag 2. september 2012

Hobbysøndag

For ei stund tilbake så kjøpte eg "litt" stoff, som skulle bli til ei bukse til prinsen. Eg var litt uheldig, les uvitande, om kor mykje stoff eg faktisk bestilte.
Heile 3 * 2 meter faktisk :-/
Host... bekymringa for at eg skulle ha nok stoff til ei bukse, jepp eg var faktisk bekymra, forsvann fort når eg fikk stoffet i posten. Då vart eg meir bekymra over kva i alle daga skal eg lage av alt stoffet. (Mulig heile barselgruppa må få like kjoler/bukser ;-) Hihihi... det hadde vært noko det. Vi er sju stykker og eg trur faktisk eg har nok stoff :-)
 
 
 
I kveld har eg iallefall klipt opp til ei selebukse til prinsen, og ei siklesmekke. I tillegg har eg klipt opp til ei hue, med fleece stoff innerst og ull ytters fra ei gamal jakke, samt ein liten aplikasjon på sidene fra et lite restestoff eg hadde.
No må eg berre finne ein kveld eg kan få sydd alt sammen :-)
 
 
 
Denne herlige jakka fra Benetton, hadde dessverre eit lite uhell i maskina for ei stund sidan, men skal få nytt liv som hue til prinsen.
 
 
Har også fått ferdig strikka varmeposetrekket, mangle kun å sy det sammen neders. Det kan eg ikkje gjere før eg har kjøpt varmeposen, noko eg har store plana om i morgan. Då skal eg også ta bilder i dagslys så ein kan få sett den faktiske fargen på garnet (grågrønn).




Ha ein fin kveld :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...