Sider

fredag 6. desember 2013

6 desember, heklaengler og serinakaker

Siste dagane har det skjedd forbausande lite på handarbeidsfronten, til tross for at prinsessa og eg ikkje har vært så mykje som ein liten meter utanfor huset eingang.
Først av alt har vi begge vært litt småslakke og brukt dagane på å konkurrere om kven som kan nyse flest ganger på rad ;-)
Den andre årsaken er tidenes vinterstorm.  
Av og til kan det være koslig å være inne med kakao, ei god bok eller kose seg med litt juleverksted med ungane, mens vinden blåser og regnet piskar på vindauga. Ikkje denne gangen, det var tider at huset knirka så ille at eg lurte på om det kom til å gi etter :-(
Då blir det litt i meste laget for min del.

 
Så det einaste som eg har fått laga siste dagane, er denne lille engelen her, som skal få bli pynt på ei julegave. Syns det er så koslig med gråpapir eller einsfarga julepapir, for så å pynte opp gaven med band og ein liten handarbeidsting. Blir plutslig mykje meir personlig.
 
 
 
Ellers så har prinsen vært med å laga serinakaker med meg i dag. Fann ut at det var på tide å begynne med litt julebakst, tross alt berre 18 dager igjen til jul.
(Puster med magen og prøver å ikkje få panikk.)

 

 
Prinsen syns dette var kjekke kaker å lage, mest sansynlig fordi han kunne få gjere mest mulig sjølv, med kun litt hjelp fra meg. Han er ein sjølvstendig liten gut, som absolutt er i "klare sjølv" fasen, til stor glede og fustrasjon for mammaen ;-)

 
Vart nokon serinakakerslanger også, for det måtte ein ha meinte prinsen.

 
Ein del av kakene fikk komme i juleboks og glass, men jammen meg så forsvann det ikkje ein god del på veien også. Så det spørs om ikkje vi må lage dei ein gang til om ikkje så alt for lenge.

 
Ha ei fin helg.
 

4 kommentarer:

  1. Nydeleg engel og ikkje minst medhjelpar til julebaksten. Då er du komt eit steg vidare, her er ikkje julebaksten starta endå.

    SvarSlett
  2. Ikke farlig å bake med så god hjelp, skjønner godt at det "forsvant" en god del på veg til kakeboksen. Serinakaker er godt. Ha en fin helg. Klem farmor :-)

    SvarSlett
  3. Ser koselig ut, nydelig engel. Og husk at du skal nyte førjulstida, ikke stresse deg i hel. Advent og jul er til for kos :)

    SvarSlett
  4. For en fin liten engel du har hekla! Bake-engelen er også kjekk. Godt å ha en medhjelper. Kakene er best før jul, så det hører med at noen forsvinner på veien.

    Ønsker deg ei fin adventsuke!

    Klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...