Sider

mandag 20. januar 2014

Strikka babysmikke

Her en kveld surfa eg rundt på pinterest og kom over ei fantastisk fin babysmikke, som eg berre måtte prøve å strikke.
Å sjølv om ein sikkert ikkje skal skryte over eget resultat, så må eg berre seie at eg er veldig fornøgd med resultatet. Babysmikka vart perfekt til prinsessa.
 
Likte absolutt alt ved den, og spesielt den kanten rundt (som faktisk er strikka) gav smikka eit pynta resultat. Har brukt garnet Drops merino extra fine (ull), og pinne nr 3,5. Garnet var faktisk ein liten rest eg hadde etter at eg strikka kjolen som prinsessa har på seg på bildene :-)
 
 
Såg ut som prinsessa er fornøgd også.
Oppskrifta på babysmikka fann eg på bloggen til Anitas kreative side :-)
 
Oppskrifta var veldig enkel å følge og smikka var rask å strikke. Kommer garantert til å strikke fleire av disse.

 
I oppskrifta så sto det at ein kunne sy i knapp, men i latskapens navn enda eg opp med trykknapp :-)

 
Ha ein fin kveld :-)

3 kommentarer:

  1. Så fin smikke, ikkje dum og så den flotte jenta då.

    SvarSlett
  2. Fin smekke du har strikka. Nesten som smykker desse smekkene. Har laga mange av dei sjølv også :)

    SvarSlett
  3. Ja den flotte jenta, så blid, men smekken var fin også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...