Sider

tirsdag 29. april 2014

Uglehue

 
Eg har lenge tenkt at eg har lyst å lage ei uglehue til prinsessa, for eg syns dei er så skjønne. I påsken fikk eg endelig sjansen og i dag fikk eg sydd fast tråane. Så fornøgd trippa eg rundt og venta på at ho skulle våkne fra luren sin, berre for å oppdage at hua var for liten :-(
Jaja, ikkje anna å gjere enn å begynne på ei ny, for eg vil ha ei sånn hue til prinsessa ;-)
 
 
Hua er hekla i 100 % alpakkaull, med heklenål nr 3. Hadde ikkje oppskrift, har kun sett på bilder av ulike uglehuer på nettet og lage min variant.

 
Valgte ei sovande ugle og brukte litt trådrester til øyrer :-)
 

 
Hekla også ein liten blomst eg hadde tenkt å ha på hua, men syns den vart litt i største laget og tok for mykje fokus, så den får eg spare til eit anna prosjekt. Oppskrifta på den fann eg på dropsdesign sine sider.



Måtte også legge ved eit bilde av helgas nydelige solnedgang, bildet er tatt på terassen vår. Ser ut til å bli like fin solnedgang i dag, men dessverre er det litt kjøligare i dag og ikkje muligheter for å sitte ute. 

 
Ha ein fin kveld.

3 kommentarer:

  1. Wow! Så skjønn lue, synd den ble for liten. Nydelig solnedgang! :)

    SvarSlett
  2. Så flott hue, det var kjedeleg at den vart for liten.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...