Sider

lørdag 28. juni 2014

Sommerstrikking

Då har eg og kasta meg over sommerbasillen som går, klutestrikking etter Bittamis oppskrifter :-) 
Strengt tatt galskap å bruke timar på å strikke en klut som skal brukast til å vaske med, som en itillegg kan kjøpe for en slikk og ingen ting på butikken. 
Men, klutane på butikken er jo ikkje så fine, itillegg så er klutestrikking meget kjekt sommararbeid. Orke ikkje dei store ullarbeida, når det er sol og sommer :-) 


Heilt fornøgd er eg likevel ikkje, klutestrikkingsideen kom nemlig over meg ein kveld, og då måtte eg bruke det garnet eg hadde liggande, som var mandarin petit. Kjekt garn i utgangspunktet, men til klutestrikk syns eg det vart for tynt og larvete.
Eg trudde nemlig eg hadde lest at det var riktig garn til kjøkkenklut, men tydligvis har eg komme i brillealderen, for det sto vaskeklut ;-) Til kjøkkenklutar skulle en bruke tykkare garn, så det er ikkje så rart eg syns det vart litt larvete. Til vaskeklut syns eg nemlig det passer veldig godt. 


Litt nærbilde av mønsteret :-)



Vel galskapen er ikkje over, eg har nemlig begynt på klut nr to, denne gangen i riktig garn for å lage ein kjøkkenklut. 
God helg.



torsdag 26. juni 2014

Sommer og jordbær


 For at prinsen ikkje skal tru at jorbær vokse på butikken, fann eg ut at i år var det påtide å plante nokon jordbærplantar i hagen. Prinsen var med å plante jordbærplantene i krukker, vatna daglig og har kikka og kikka etter dei første jordbæra. Veldig spennande når dei første blomstrane kom og når det endelig kom nokon små grønne bær. I går var det første jordbæret endelig rødt og kunne etast :-)
Pappaen i huset fikk æren av å ete det, siden prinsen meinte at han kun like jordbær i gele, og mammaen i huset er allergisk :-)
 

mandag 23. juni 2014

Bomullshue

 
Feriemodus både i heimen og på bloggen for tida, vi har nemlig tilbrakt 14 herlige dager i Tyrkia, på et fantastisk flott hotell. Så det har blitt lite tid til strikking, men litt har eg fått gjort ferdig. Blant anna denne hua under.


 
For ei tid tilbake så strikka eg ei monsterhue på bestilling (sjå her) og prinsen ønska seg ei akkurat lik, men når eg nærma meg ferdig med hua og skulle hekle tenner osv til monsteret, så ville han ikkje ha monsterhue likavel. Derfor enda vi opp med ei heilt enkel blå hue, noko eg egentlig syns var heilt greit.


 
Kjekt å kunne merke strikkaplagga mine med egne merker :-)



 
Hua er strikka i drops Muskat egyptian cotton (100 % bomull) og vil være perfekt i overgangen mellom sommer og høst.
Oppskrifta fann eg på dropsdesign sine sider.


 
Hua sett ovanfra :-)
 
 
Ha en fin kveld, her er neste prosjekt allerede på pinnane, ferien er nemlig over for vår del ;-) 


onsdag 4. juni 2014

Hekla is


Prinsen la fram ønske om meir mat til leikekjøkkenet sitt, og denne gangen hadde han lyst på en is med kirsebær på toppen :-) 



Resultatet vart to kuleis i kjeks med kirsebær på toppen :-) Kulene vart veldig greie, men kjeksen vart det alt for store huller i sjølv om eg fulgte oppskrifta, så eg måtte ha eit svart tøystykke inni for at ikkje vatten skulle tyte ut. 


Sjølv om eg ikkje vart hundre prosent fornøgd, så vart prinsen det, så han har lagt inn bestilling på to is til ;-)


Ha en fin dag :-)

søndag 1. juni 2014

Hekla muffin


Små prosjekter er av og til veldig kjekt, rett og slett fordi en blir fort ferdig og ser resultatet :-)
Prinsen fikk lekekjøkken for ca et år siden og heilt siden då har eg tenkt at eg kunne tenke meg å hekle div mat. I går kom eg endelig i gang og resultatet vart en muffin. 


Fann ei oppskrift på nettet, men kommer ikkje til å bruke den igjen. Muffinsen vart heilt grei, men litt i største laget (type amerikansk muffin størrelse). Itillegg vart den litt rar i bunnen. Skal prøve meg igjen en gang, men då vil eg finne ei anna oppskrift. 


Den er hekla med nål nr 3 og med garnet mandarin petit. På toppen har eg sydd fast ei ullkule fra søstrene grene. 


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...