Sider

fredag 28. februar 2014

Strikkahuer og smikker :-)

Sjølv om blogginga går i rykk og napp, så går strikkepinnane jamt og trutt. Er så herlig avslappande og synke ned i sofaen og strikke litt, når ein endelig får litt ro etter ein hektisk dag :-)
Er fortsatt på småstrikk stadiet, dei større prosjekta får vente litt til eg får meir søvn i løpet av natta.
Har nemlig ei lita jente på 7 1/2 mnd som nekter å ete noko anna enn morsmelk, når ho itillegg har begynt å krype, så seier det seg sjølv at ho trenger en del mat og då blir det litt lite søvn.
 
 
Har strikka ei djevelhue i drops babymerino, er veldig glad i gammelrosa og vart meget fornøgd med denne hua. Varm, god og kjempe passform. Lurer på om eg også skal hekle ein blomst og feste på med ei perle i, for litt ekstra pynt :)

 
I tillegg har eg strikka tre nye smikker. Ei i babymerino, (bildet over) den er eg ikkje fornøgd med. Vart tynn, lefsete og siger når den blir våt :-(
 
Smikkene på bildet under derimot er eg veldig fornøgd med, dei er strikka i merino ekstra fine. Kjempe gode og er allerede brukt masse :-)



 
Siste prosjektet eg holder på med er ei bestillingshue.
Ei skikkelig monsterhue, min lille prins er sååå misunnelig på gutten som skal få hua så det er mulig at eg må strikke to av denne ;-)
Hua er strikka i bommulsgarn, muskat fra drops, og mønsteret på hua er å finne på dropsdesign.no sine sider.
Skal hekle på augebryn, pupiller i augene og lage hår, så er hua ferdig og klar til levering.
 

 
Ha ei fin strikkehelg :-)

fredag 21. februar 2014

OL hue

Som så mange andre i strikke og hekle verden er eg blitt bitt av OLhue basillen og måtte berre hekle ei :-) Kjekk hue og lage, så det er mulig at eg må hekle et par til ;-)
 
 
Det varierer litt kor mykje søvn det blir med to små og då er sånne prosjekter geniale, trenger noko som en ikkje trenger å tenke for mykje med. Kan berre slappe av, la nåla gå og nyte å sjå framgang :-)

 
Hua er hekla med nål 5,5 og dobbelt garn silja.
Oppskrifta fann eg her, men siden eg hekla med et anna type garn så stoppa eg å auke når eg kom til 64 masker :-)
 
Ha ein fin kveld.

fredag 7. februar 2014

Babyrangle




Mykje babystrikking og hekling for tida ;-)
Har fått laga ferdig to nye babyrangler, riktig nok berre bilde av den eine, men dei var heilt like begge to.


Heklenål 3,5


Garn: mandarin naturell, 100% bommulsgarn.


Inni er det ei lita bjelle og så har eg fylt med vatt. 


God helg :-)

mandag 3. februar 2014

Pyntesmikker til baby

To nye pyntesmikker, ei i rødt og ei i blått.

Eg har egentlig aldri likt å strikke fleire like ting, spesielt ikkje på rad, men noko forandra seg når prinsessa kom til verden. For sjølv om det er fantastisk koselig med en liten baby og ein aktiv treåring, så er det ikkje alltid det blir like mykje tid til soving og avslapping. Då er repitisjon heilt genialt, mønsteret sitter i nevane og strikkepinnane kan berre gå av seg sjølv uten at ein må tenke for mykje. For om eg er aldri så sliten så må eg strikke litt, det er så koslig. 


Begge smikkene er strikka i drops merino ull, superwash, pinnenr 3,5. Mjukt og godt, samtidig som dei tåler å bli vaska på 40 grader. Tilslutt er det satt i ein trykknapp. 



Ei blå smikke, perfekt til å pynte opp dongrikjolen :-)



Ha ein fin dag :-)


lørdag 1. februar 2014

Pyntepanneband til baby

Hadde ein bitteliten garnrest etter at eg strikka pyntesmikka og hadde lyst til å lage eit lite panneband av det. Det vart akkurat nok garn til at eg fikk det på hodet til prinsessa, men akkurat litt for lite til at ho kan bruke det, for vart i strammaste laget.



Pannebandet er laga uten oppskrift, la opp seks luftmasker (+ ei lm til å snu med), så hekla eg stavar fram og tilbake til eg gikk tom for garn. Så sydde eg det i hop til ein ring og sydde på ein liten blomst.


Ha ein fin hobbyhelg :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...